Huldra er eit samarbeidsprosjekt mellom Leikanger Næringshage, Flora Næringshage, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Nordfjordeid Næringshage og skal vera ein døropnar for kvinnelege gründerar i Sogn og Fjordane.
Målet med prosjektet er å auke andelen av kvinner som etablerar seg med eige føretak. Målet for Huldra 2007 og 2008 var ti nyetableringar. For Huldra 2009 vil målet vere det same. Eit anna viktig mål er at alle skal arbeide med ein forretningsplan og ha denne ferdig når Huldra er slutt.
Huldra jobbar for å auke andelen av kvinnelege etablerigar i Sogn og Fjordane gjennom å syte for at kvinner med idèar eller etablerte verksemder skal få vidareutvikle seg.
Dette skal vi få til med eit innhaldsrikt og spanade program retta mot utvikling og etablering.
Ved å delta vil du få inspirasjon, motivasjon og fagleg påfyll og ikkje minst eit breiare nettverk som du vil ha stor nytte av på vegen vidare.
Har du ein forretningsidè og ein gründer ”i magen”? Meld deg på Huldra-prgrammet og la draumen bli verkelegheit.